7/22/2007

Jepsikal

Det kan virke som at folk har blitt mållause av det nyaste bilete. Om det er bra eller forferdelig vil tida kanskje vise.

5 kommentarer:

Anonym sa...

*Sprut* Ahhh!

Anonym sa...

Biletet "Jepsikal" av det unge, lovande kunstgeniet kun kjent som Runario, er nok eit steg for han inn blant dei verkleg inspirerte sine rekkjer. Biletet er postmoderne og tydleg tidsspesifikt, utan å trykke på alle dei vante postmoderne knappane, som bruk av collage osb. I staden tar Runario eit bevisst trash-grep som transcenderar nett den sjangeren og går opp på eit høgare nivå av ubestemmeleg og evokativ brilljanse. Den semantisk-grammatisk nyskapande tittelen er like genial som sjølve verket. Som sjølve biletet, minnar den om eit kvart gamalt og kjent, kanskje noko morosamt, kanskje noko rart - men også noko nytt og framandt. Sjølv om både tittel og verk har dei same ambivalente trekka tangerer dei kvarandre slett ikkje. I staden dannar dei eit kontrapunkt som bidreg til mysteriet og det deilege ved dette verket.
På eit reint figurativt nivå er det vanskleg å skildre kva dette biletet "skal forestille". Det ser ut til å vere ein slags gul skapnad, med ansiktsform som minner litt om eit fjell og skarpe tenner, som istappar i ei grotte i fjellveggen. Men der ein forventar at augene og toppen av andletet skal befinne seg, sluttar brått "fjellet" i takkete "toppar" og blir avløyst av noko som kan vere himmel, dekorert med - ja, kva er det eigentleg? Fyrverkeri? Nordlys? Auger? Soler? Ingen av delane, eller alt saman?
Det er nett denne figurative ikkje-presisjonen kunstverket sin suksess kviler på - skjønt, "kviler" blir vel feil ord. Heile verket, inkludert tittelen, utstrålar ein dynamisk fantasi som i sum framstår som både stilsikker og modig eksperimentell.

Anonym sa...

liker tittelen, liker kritikken, elsker og frykter bildet.

Anonym sa...

Må ha mer kunst nå! Har abstinenser.

Anonym sa...

http://www.youtube.com/watch?v=K2cYWfq--Nw&mode=related&search=